Opna hovudmenyen
Eit bilete av jorda og månen sett frå Mars. På grunn av månen (som har ca. 1/81 av massen til jorda) minkar jordrotasjonen og forlengar dagen med kring 2 ms kvart hundreår.

Tidvassakselerasjon er ein effekt av tidvasskrefter mellom ein naturleg satellitt i bane (til dømes månen) og den primære planeten han går rundt (til dømes jorda). Akselerasjonen er vanligvis negativ sidan han skapar ei gradvis bremsing og resesjon for ein satellitt i ein prograd bane vekk frå primærlekamen og en korresponderande bremsing av rotasjonen til primærlekamen. Prosessen fører til slutt til ei tidvasslåsing, først av den mindre lekamen og deretter den større lekamen. Jorda og månen er det best studerte tilfella for dette.

KjelderEndra