Ein tidvassmålar eller mareograf er eit instrument for å måle havnivå (tidvatn) og oppdage tsunamiar.

Ein tidvassmålar.

Sensorar registrerer kontinuerleg vasshøgda med omsyn til eit referansepunkt nær geoiden. Vatnet går inn i instrumentet i botn av eit røyr (som ein kan sjå på biletet) og elektroniske sensorar måler høgda og registrerer det på ein liten datamaskin.

Data er tilgjengeleg for over 1750 stasjonar verda over. Nokre stader har målingar som er fleire hundre år gamle, til dømes i Amsterdam der ein har data attende til 1700. I nyare tid har ein òg i større grad nytta satellittdata.

Kjelder

endre