Titicaca (spansk Lago Titicaca), òg kalla Titicacasjøen, ligg i Andes på grensa mellom Peru og Bolivia. Han er den innsjøen med kommersiell sjøfart i verda som ligg høgst over havet, på heile 3800 moh. Han har eit areal på 8 372 km², er derfor største innsjøen i Sør-Amerika når ein ser bort frå Maracaibo-sjøen som har kanal mot Det karibiske havet. Titicacasjøen har ei maksimal djupn på 280 m og ein middelverdi på mellom 140 og 180 m.

Titicaca
innsjø
Innsøjen sett frå øya Isla del Sol
Land  Bolivia,  Peru
Tilsig 27 elvar
Utløp Rio Desaguadero
Fordaming
Nedslagsfelt 58 000 km²
By Copacabana i Bolivia
Puno i Peru
Høgd 3 812 moh.
Koordinatar 15°45′S 69°25′W / 15.750°S 69.417°W / -15.750; -69.417
Lengd 190 km
Areal 8 372 km²
Volum 893 km³
Kystlengd1 1 125 km
Type Fjellsjø
Hydraulisk opphaldstid 1343 år
Kart
Titicaca
15°49′30″S 69°19′30″W / 15.825°S 69.325°W / -15.825; -69.325
Kart over Titicaca
Kart over Titicaca
Kart over Titicaca
Wikimedia Commons: Lake Titicaca
1 Kystlengd er eit unøyaktig mål som kanskje ikkje er standardisert for denne artikkelen.
Ei flytande øy i Titicaca.
Foto: Hans-Peter Hein

Det finst mange kystbyar ved Titicaca – største byen er Puno. Ikkje langt frå sjøen, i søraust, ligg ruinbyen Tiwanaku frå før inkatida.

Kjelder

endre

Bakgrunnsstoff

endre
  Wikimedia Commons har multimedia som gjeld: Titicaca
  Denne geografiartikkelen er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia gjennom å utvide han.