Tofiq Bəhramov adına Respublika Stadionu

Tofiq Bəhramov adına Respublika Stadionu er eit stadion i Baku i Aserbajdsjan. Han vert mest nytta til fotballkampar og fungerer som heimebane for FK Baku og det aserbajdsjanske herrelandslaget i fotball og har ein kapasitet på 30 000, noko som gjer han til den største arenaen i landet.

Tofiq Bəhramov adına Respublika Stadionu

Opna1951
Kart
Tofiq Bəhramov adına Respublika Stadionu
40°23′50″N 49°51′09″E / 40.397333°N 49.852417°E / 40.397333; 49.852417

Eurovision Song Contest 2012

endre

I 2011 vart det sett av 10 millionar dollar frå statsbudsjettet i Aserbajdsjan til reparering og ombygging av stadionet, så han kunne verta nytta som ein potensiell arena for Eurovision Song Contest 2012. 25. januar 2012 vart det klårt at det var Bakı Kristal Zalı som skulle vere arena for tevlinga. Stadionet vart likevel ombygd, mellom anna med tak over tribunane.

Kjelder

endre