Tolga-Os kommune var ein kommune i Hedmark fylke som eksisterte frå 1966 til 1976.

Kommunen vart oppretta 1. januar 1966 ved at kommunane Tolga og Os vart slått saman. 1. januar 1976 vart Tolga-Os kommune oppløyst ved at Tolga og Os vart eigne kommunar.

Ved samanslåinga hadde Tolga kommune 1 944 innbyggarar og Os kommune 2 015 innbyggarar. Tolga kommune hadde eit innbyggartal på 1 865 og Os kommune 1 859 etter delinga.

LitteraturEndra

  • Jenssen, Jens Olai (mfl.) Ein skilsmissekommune i Bygde-Norge (Samlaget, 1974)