56°9′52″N 9°23′34″E / 56.16444°N 9.39278°E / 56.16444; 9.39278

Tollundmanden i Silkeborg Museum.

Tollundmannen (dansk Tollundmanden) er eit sokalla «moselig» eller myrlik, eit arkeologisk funn av ein om lag tretti år gamal naturleg mumifisert mann frå jarnalderen. Funnet vart gjort 6. mai 1950 av folk som grov torv i ei myr ved Bjærldskovsdal ved byen Silkeborg på Midt-Jylland i Danmark. Liket var i så god stand på grunn av tilhøva i myra at funnet vart meld til politiet i Silkeborg som ei mordsak.

Tollundmannen hadde vorte hengd og deretter lagt i vatnet eller myra, slik det gjekk klårt fram av reipet som framleis låg om halsen på han. Etter ei radiologisk tidfesting frå 2004, vart han drepe i tida mellom 375 og 210 f.Kr. Ulike teoriar om årsaka har vore fremma, til dømes at det gjeld ei religiøs ofring til dei maktene som har med myr og vatn å gjere, eller ein reaksjon på åtferd i strid med normer og reglar. Mannen er utstilt på Silkeborg Museum i Silkeborg.

Mindre enn 100 meter frå plassen der Tollundmannen kom for dagen i 1950, var eit anna myrlik, Ellingkvinna (dansk: Ellingkvinden), funne tolv år tidlegare. Ho hadde òg vorte hengd før ho vart lagt i myra, som etter ei radiologisk tidfesting har gått føre seg mellom 355 og 205 f.Kr.

Bakgrunnsstoff endre