Tolvtonemusikk
Tolvtonemusikk (også tolvtonesystemet eller dodekafoni) er ein spesiell komposisjonsteknikk som blei danna av austerrikaren Arnold Schönberg. Systemet byggjer på ein viss sekvens av dei tolv tonane i den kromatiske skalaen som ein kan følgja rett, baklengs, oppdelt, transponert og så bortetter, men stadig i same rekkjefølgje. Meininga med ein slik teknikk skal vera å erstatta dur- og mollskalaene og frigjera tonaliteten.
Schönberg sine idear bygde truleg på dei til landsmannen Josef Matthias Hauer. I tillegg til Schönberg brukte elevane hans Alban Berg og Anton Webern tolvtonesystemet. Andre komponistar som har nytta det er Ernst Křenek, Luigi Dallapiccola, Frank Martin, Humphrey Searle. I Norden har det vore nytta av Karl-Birger Blomdahl, Sven-Erik Bäck, Finn Mortensen, Gunnar Sønstevold og Fartein Valen (i fri form).
Sjå også
endreKjelder
endre- «Tolvtonesystemet» (16. desember 2013), Store norske leksikon. Fri artikkel henta 9. juni 2014.