Tom A. Schankes Parti

Tom A. Schankes Parti var eit norsk politisk parti som stilte til val ved stortingsvalet i 1981. Tom A. Schanke var ein kjend støttespelar for norsk fotball. I valkampen skal han mellom anna ha foreslått å gjera Åge Hareide til fiskeriminister.[1] Partiet stilte til val berre i Oslo, der det fekk 826 røyster, noko som utgjorde 0,3 % av røystene i Oslo, og 0,03 % på landsplan. Partiet kom dermed ikkje inn på Stortinget. Det stilte ikkje til val igjen.

Kjelder endre

  • Stortingsforhandlinger 1981-82 (Oslo, 1982)
      Denne artikkelen er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia gjennom å utvide han.