Tom Villiam Blohm (29. juni 192030. desember 2000) var ein norsk idrettsutøvar frå Oslo, mest kjend som fotballspelar. I tida frå 1937 til 1952 var han målvakt i 20 fotballandskampar for Noreg.

Tom Blohm


Statsborgarskap Noreg
Fødd 29. juni 1920
Christiania
Død

30. desember 2000 (80 år)
Oslo

Idrett fotball, ishockey
Tok del i

Sommar-OL 1952

Karriere endre

Fotball endre

Blohm debuterte for Noreg 5. september 1937 i Helsinki, ein landskamp Noreg vann med 2-0 over vertslandet. 17 år gamle Blohm, som då var medlem av Sportsklubben Hugin, er til dags dato (2015) den yngste burvaktaren for Noregs A-landslag.

Etter å han spelt for Frigg i 1938, melde han seg inn i Ski- og fotballklubben Lyn i 1939 og spelte for klubben fram til 1954. Han var i 1945 og 1946 med då Lyn vann noregsmeisterskapane i fotball. I juli 1952 vakta han målburet for 20. og siste gong, då Noreg tapte 1-4 for Sverige i finske Tampere, 15 år etter han landslagsdebuterte i Helsinki.

Anna idrett endre

Blohm spelte bandy i Oslo-Sparta, ishockey i B-14, handball i Oslo Håndballklubb og dreiv friidrett med Torshaug Idrettsforening.

Kjelder endre