Tonen H

(Omdirigert frå Tonen h)

H, italiensk namn Si, er i musikken namnet på den sjuande tonen i C-durskalaen, vår moderne grunnskala.

H

Tonen H er oppstått ved deling av tonen B i to former med ulik tonehøgde. I dei mellomalderske kyrkjetoneartane dorisk og lydisk forekom tonen b i to variantar, den mjuke og b () og den harde b. Den mjuke låg ein halv tone under den harde b. For å skilje dei to tonane, vart teiknet for den harde (høgare) b teikna meir kantet, og slik kom det til å likne meir på teiknet for vår h.

Andre språk endre

engelsk og moderne svensk vert tonen kalla B. På tradisjonell svensk blei han kalla H.

Kjelder endre

  • Cappelens musikkleksikon 1978
  Denne musikkartikkelen er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia gjennom å utvide han.