Tongariro Northern Circuit

Tongariro Northern Circuit, ein av New Zealand Great Walks, er ein tre til fire dagars fottur i Tongariro National ParkNew Zealand. Turen omfattar Tongariro Alpine Crossing, ein dagstur gjennom den mest imponerande naturen i Northern Circuit. Den fullstendige ruta dannar ei 43,1 kilometer [1] lang sløyfe kring fjellet Mount Ngauruhoe. Om lag 7 000 fotturistar gjennomfører turen kvart år, samanlikna med om lag 25 000 som berre går Tongariro Crossing-delen [2]

Tongariro Alpine Crossing med Emerald Lakes og Blue Lake.

ÅrstidEndra

Den beste tida å gå denne turen, er i sommarmånadane (frå desember til mars). Det er viktig å ta omsyn til vêrmeldingane. Kraftig nedbør kan laga små elver, og derfor gjera turen monaleg vanskelegare, og somme alpine strekningar er svært utsette. Dessutan påverkar vêret naturopplevingane. Fjellklatrings- og fjellsikringsutstyr er påkravd om vinteren.

LosjiEndra

Det er fire Department of Conservation (DOC) hytter langs ruta – Mangatepopo 39°08′40″S 175°35′46″E, Ketetahi 39°06′27″S 175°39′10″E, Oturere 39°09′30″S 175°41′20″E og Waihohonu 39°12′29″S 175°40′46″E*). Sidan rundturen er ein Great Walk, må han førehandsbetalast om ein vil overnatta i hyttene eller i leirstadane i nærleiken. Dette gjeld sommarsesongen frå 1. oktober til 30. april. Utanom sesongen er hyttene villmarkshytter som kan nyttast med eit billegare, årleg hyttepass. Det er ikkje tillate å slå leir nærare stien enn 500 meter.

Om rutaEndra

Northern Circuit er ein rundtur som kan takast begge vegar. Turen under omtalar ruta som går med klokka, og som startar i Whakapapa Village. Der er ein parkeringsplass, og eit DOC informasjonssenter der all naudsynt informasjon er tilgjengeleg. Der er andre mogelege startpunkt frå ulike vegar langs ruta.

Whakapapa Village til Mangatepopo HutEndra

Første dag, 3-5 timar, 8,5 km. [2] Ruta startar ved Whakapapa Visitor Centre, ho følgjer for det meste Whakapapa-ruta over eroderte sletter, og kryssar mange mindre elver, og kan vera temmeleg gjørmete i regnvêr. Mot høgre ser ein vulkankjegla til Mount Ngauruhoe. Mangatepopo Hut ligg fem minuttar frå hovudsporet.

Mangatepopo Hut til Ketetahi HutEndra

Andre dag, 5-6 timar, 9 km. [2] Dette er den eigentlege Tongariro Alpine Crossing. Turen startar med lett stiging opp etter elvedalen til Mangatepopo, deretter kjem ei bratt stiging i magmatisk berg. Ruta held fram gjennom South Crater, opp og langs sida av Red Crater,og ned til Emerald Lakes. På dette stykket har ein utsyn over eit aktivt vulkansk område, om vêret tillet det. Ved Emerald Lakes, som har fått namn etter fargen på vatnet, som kjem av mineral i dette termiske området, går ruta saman med ruta til Oturere Hut (1½ time). Etter desse vatna passerer ruta Blue Lake før ho går ned til Ketetahi Hut.

Ketetahi Hut til Waihohonu HutEndra

Tredje dag, 6-7 timar, 16,5 km. [2] Dagen startar med moderat stiging attende til Emerald Lakes, deretter kjem ei ganske bratt nedstiging til Oturere Hut. Langs stien kan ein sjå mange abstrakte lavaformasjonar. Etter å ha passert Oturere Hut, går stien over grussletter som manglar vegetasjon. Slutten til denne delen av ruta kryssar over ein dal, og stig gjennom eit skogsområde, før ho går ned til Waihohonu hut.

Waihohonu Hut til WhakapapaEndra

 
Taranaki Falls, like ved Tongariro Northern Circuit-sporet, nær Whakapapa Village.

Fjerde dag, 5½–6 timar, 14 km. [2] Ruta følgjer ein gammal kløvveg langs Waihohonu Stream utan mykje stiging. På vegen kan det gjerast avstikkarar til vatna Lower og Upper Tama Lakes (20 minuttar og 90 minuttar med retur), danna av vassfylte vulkankrater. Like før Whakapapa ligg fossefallet Taranaki Falls, ein fem minuttars omveg frå hovudstien.

KjelderEndra

Referansar
  1. «Tongariro Northern Circuit/track-description». Department of Conservation. Henta 29. juni 2014. 
  2. 2,0 2,1 2,2 2,3 2,4 Jim DuFresne (November 2002). Tramping in New Zealand (5 utg.). Victoria, Australia: Lonely Planet Publications Ply Ltd. s. 121–127. ISBN 1-74059-234-4.