Tonologien i kantonesisk
Kantonesisk er eit tonespråk som høyrer til den sinittiske greina av sinotibetansk. Kantonesisk har sju ulike leksikalske tonar, T1–T7. Den toneberande eininga er stavinga. Med nokre få unnatak utgjer morfema i kantonesisk éi staving, slik at fleirstavingsord så å seie alltid har fleire morfem. Nokre av tonane er illustrerte til høgre, med uttale. Transkripsjonen av kantonesiske vokalar byggjer på Duanmu (2009: 83).
Nr | Analyse | Tyding | Teikn | Transkripsjon |
T4 | ML | 0 | 零 | liŋ̀ |
T1 | H | 1 | 一 | yɐ́t |
T3 | L | 2 | 二 | yii |
T1 | H | 3 | 三 | sáḿ |
T2 | M | 4 | 四 | sei |
T5 | MH | 5 | 五 | ŋŋ́ |
T3 | L | 6 | 六 | lùk |
T1 | H | 7 | 七 | chɐ́t |
T2 | M | 8 | 八 | bat |
T5 | MH | 9 | 九 | gɐú |
T3 | L | 10 | 十 | sɐ̀p |
Analyse
endreDet kantonesiske tonesystemet skil seg på fleire viktige punkt frå det i mandarin.[1] For det fyrste må stavingane delast i to typar:
- Stavingstype a: Stavingar som ikkje endar på -p, -t eller -k
- Stavingstype b: Stavingar som endar på -p, -t eller -k
I stavingar av type A skil språket mellom seks (eller sju) tonar, som illustrert i den venstre helvta av tabellen nedanfor, der dei er skrivne med IPA-transkripsjon. Skiljet mellom T1 og T7 er marginalt, og finst ikkje hos alle talarar. I stavingar av type B (som ikkje finst på standard mandarin), skil språket mellom berre tre tonar, som vist i den høgre helvta i tabellen. I stavingstype a finst både nivå- og konturtonar, i stavingstype b berre nivåtonar.
Nummer | Kinesiske teikn (hànzì) |
Pinyin- transkripsjon |
Tyding | Tone- analyse |
Nummer | Kinesiske teikn (hànzì) |
Pinyin- transkripsjon |
Tyding | Tone- analyse | |
T1 | 詩 | síí | dikt | H | T1 | 識 | sík | stil, type | H | |
T2 | 試 | sii | prøve, smake | M | T2 | 錫 | sik | tinn | M | |
T3 | 是 | sìì | vere | L | T3 | 食 | sìk | ete | L | |
T4 | 時 | siì | tid | ML | ||||||
T5 | 史 | sií | gjere, forårsake | MH | ||||||
T6 | 市 | sìi | marknad, by | LM | ||||||
T7 | 西 | sɐ́i | vest | HM |
Ingen trykkveike stavingar
endreEin annan viktig skilnad på kantonesisk og mandarin er at kantonesisk ikkje har trykkveike stavingar: alle stavingar blir uttala med ein tone, og høyrest trykksterke ut (Baker & Ho 2006: xvi).
Tonesandhi
endreKantonesisk har, som mandarin, tonesandhi (Yip 2002), men berre hos dei som skil mellom T1 (H) og T7 (MH):
- HM → H /__ H
Regelen seier at tonen HM (T7) blir til H (T1) føre ein H, som i dette dømet:
- 三 sám 'tre' + 杯 búi 'kopp' + 水 søí 'vatn' → 三 杯 水 sáḿ búi søí 'tre koppar vatn'
Her blir HM 三 sám endra til H sáḿ føre HM 杯 búi 'kopp'. HM 杯 búi 'kopp' står derimot uendra, for den følgjande tonen er MH 水 søí 'vatn'.
Bibliografi
endre- Baker, Hugh & Ho Pui-Kei 2006. Teach yourself Cantonese. London: Hodder Education.
- Bruce, R. 1970. Teach yourself Cantonese. London: Teach Yourself Books.
- Duanmu, San 2009, Syllable structure. Oxford: Oxford University Press.
- Kao, Diana L. 1971. Structure of the syllable in Cantonese. The Hague & Paris: Mouton.
- Whitaker, K. P. K. & W. Simon 1958. 1200 Chinese basic characters. An adaption for students of Cantonese of W. Simon's National Language version. London: Lund Humphries.
- Yip, Moira 2002. Tone. (Cambridge textbooks in linguistics.) Cambridge: Cambridge University Press.
Fotnotar
endre- ↑ Framstillinga byggjer på Baker & Ho (2006), Kao (1971), Whitaker & Simon (1958) og Yip (2002).