Tungemandel

(Omdirigert frå Tonsilla lingualis)

Tungemandlane (av latin tonsilla lingualis) er to runde massar av lymfatisk vev som dekkar den bakre delen av tunga.

Tunga med tungemandlane vist øvst

Dei dekkar den dorsale overflata ved basen av tunga, altså den flata som peikar bakover mot ryggen. Det lymfatiske vevet er kompakt og nodulært, og overflata er dekt med fleirlaga plateepitel med invaginasjonar som dannar ein krypt i kvar av tungemandlane. Dei er delvis omgjeve av bindevev, og har mukøse kjertlar som blir tappa gjennom kanalar direkte inn i tonsillkryptene.

Fleire bilete endre

Sjå òg endre

Kjelder endre

  Denne anatomiartikkelen er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia gjennom å utvide han.