Tor Guttu (fødd 30. november 1937) er ein norsk språkvitar og riksmålsmann. Han er emeritert fyrsteamanuensis i nordisk språkvitskap ved Universitetet i Oslo og har òg vore styrar for Institutt for nordistikk og litteraturvitenskap (UiO). Guttu er òg redaktør for ei rekkje ordbøker som er utgjevne av Kunnskapsforlaget. M.a. har han vore redaktør for Norsk ordbok, Norsk rettskrivning, Norsk rimordbok og Riksmålsordlisten. Han er hovudredaktør for Det Norske Akademis store ordbok (Norsk Riksmålsordbok). Guttu er 1. viseformann i Riksmålsforbundet (sidan 1990) og medlem i presidiet i Det Norske Akademi for Sprog og Litteratur (sidan 1983), der han vart innvald i 1977. I 1994 fekk han Det historisk-filosofiske fakultets formidlingspris. Guttu var medlem i Norsk språkråd, som representant for Riksmålsforbundet, frå 1980 til Norsk språkråd vart lagt ned i 2005. Guttu vart cand. philol. i 1964 med nordisk språkleg hovudfag og tysk og musikk mellomfag. Han vart 1. januar 1965 tilsett i Det norske litterære ordboksverk, som i 1972 vart til Avdeling for bokmål då Norsk leksikografisk institutt vart oppretta ved Universitetet i Oslo. Instituttet vart i 1989 innlemma i Institutt for nordistikk og litteraturvitenskap. Guttu gjekk av med pensjon 1. januar 2006.

Tor Guttu
Fødd30. november 1937
NasjonalitetNoreg
Områdeskandinaviske språk, sammenlignende litteratur, leksikografi, språkvitskap
Yrkefilolog, skøyteløpar, universitetslærar, lingvist, leksikograf

Kjelder endre