Tore Skeie

norsk mellomalderhistorikar og forfatter

Tore Skeie (fødd 19. september 1977) er ein norsk historikar, sakprosaforfattar og kritikar. Han er kjend som forfattar av artiklar og bøker med tema frå norsk mellomalder.

Tore Skeie
ToreSkeiepicture2.jpg
Fødd 19. september 1977
Yrke historikar, kritikar, faglitterær forfattar

Skeie debuterte i 2009 med boka Alv Erlingsson. Fortellingen om en adelsmanns undergangSpartacus Forlag i Oslo, etter å ha vunne konkurransa om det beste historiske bokmanuskriptet som dette forlaget hadde lyst ut. Boka vart særs godt motteke av kritikarane. Den andre boka av Skeie, Jomfruen fra Norge, som kom ut i 2012, fekk likeeins særs god omtale. Denne boka vart nominert til kritikarprisen (Den norske Kritikerprisen for litteratur) i kategorien for sakprosa.

Skeie er òg kjend som spaltist og bokmelder i dagsavisa Klassekampen.

BibliografiEndra

  • 2009 – Alv Erlingsson. Fortellingen om en adelsmanns undergang
  • 2012 – Jomfruen fra Norge
  • 2018 - Hvitekrist. Om Olav Haraldsson og hans tid

BakgrunnsstoffEndra