Toril Opsahl
Toril Opsahl (fødd 16. april 1976) er ein norsk språkforskar ved Institutt for lingvistiske og nordiske studium ved Universitetet i Oslo (UiO). Opsahl vart 2014 tilsett som førsteamanuensis i nordisk språkvitskap med vekt på norsk som andrespråk. Ho har dessutan bistilling som førsteamanuensis II ved Ivar Aasen-instituttet for språk og litteratur, Høgskulen i Volda. Ho har tidlegare arbeidd som redaktør/forskar ved prosjektet Norsk Ordbok 2014.
Toril Opsahl | |||
Fødd | 16. april 1976 Oslo | ||
---|---|---|---|
Nasjonalitet | Noreg | ||
Område | ungdomspråk, fleirspråkleg, diskurspartikkel, sosiolingvistikk, leksikografi | ||
Yrke | lingvist, pedagog, redaktør | ||
Alma mater | Universitetet i Oslo |
Opsahl vart cand.philol. ved UiO i 2002 med ei hovudfagsoppgåve om dei kommunikative funksjonane til diskurspartikkelen «bare».
Februar 2010 disputerte ho for graden ph.d. på ei avhandling om morfologiske og syntaktiske trekk ved norsk i multietniske ungdomsmiljø i Oslo. Opsahls studie inngår i det nasjonale språkforskingsprosjektet Utviklingsprosessar i urbane språkmiljø (UPUS).
Opsahl har sete i skriftstyret til Landslaget for norskundervising.
Kjelder
endre- Denne artikkelen bygger på «Toril Opsahl» frå Wikipedia på bokmål, den 15. mars 2019.
Denne artikkelen treng fleire referansar for verifikasjon. |
Bakgrunnsstoff
endre- Presentasjon på heimesidene til instituttet
- Publikasjoner av Toril Opsahl i forskningsdokumentasjonssystemet CRIStin