Torkel Lillefosse

botanikar

Torkel Knutsson Lillefosse (5. juli 18689. januar 1946) var ein norsk botanikar frå Strandebarm i Hordaland.

Torkel Lillefosse
Statsborgarskap Noreg
Fødd 5. juli 1868
Strandebarm kommune
Død

6. januar 1946 (77 år)

Yrke botanikar
Ektefelle Anna T. Lillefosse

Lillefosse var son til ein plassemann på Litle-Fosse og dreiv sjølv husmannsplassen som nygift i 1900. Han var elles treskjerar. Nokre år seinare busette han seg i kyrkjebygda i Strandebarm og var gartnar, kalla «Kumunegartner» i folketeljinga 1910.

I årevis dreiv han og samla inn plantar i Hordaland og Sogn og Fjordane, plantesamlingar som skal vere dei største og mest allsidige frå desse fylka. Samlingane er i dag fordelt på dei botaniske musea i Bergen og Oslo.

Frå 1921 var Lillefosse statsstipendiat og arbeidde sidan på heiltid med å granske floraen i Vest-Noreg. Han skreiv Strandebarms flora, eit arbeid om vegetasjonen i heimbygda som vart prenta i 1940.

Kjelder endre