Tornekrattet
- Sjå òg barnebokserien Brambly Hedge av Jill Barklem som er kalla Tornekrattet på norsk.
Tornekrattet er ein uavhengig og upolitisk supporterklubb for Molde Fotballklubb. Tornekrattet blei starta etter cupfinalen i 1994.
På Molde Idrettspark (gamle Molde Stadion) stod Tornekrattet plassert øvst på vestre ståtribune. I dag er Tornekrattet plassert på inngang 13 på Aker Stadion, bak det eine målet. Tornekrattet har rundt 700-800 medlemmer.
Tornekrattet har si eiga «tifogruppe», Krattet-Tifo, som blei stifta i 2005. Krattet-Tifo fekk tredjeplass i Gullblusset i avdelinga for supporterklubbar over 500 medlemmer, for tifoen dei presenterte under cupfinalen i 2005.
Klubben har også ei songgruppe, Krattet Sang.
Leiarar
endre- Sverre Eilert Mauseth (1994-1998)
- Tom Sande (1999)
- Ronny Koteng (2000)
- Arne Kleveland (2001-2002)
- Tor Melsæter (2003-2006)
- Eva Britt Mauseth (2007-)