Torre del Gran San Pietro

Torre del Gran San Pietro, eller Gran Peirro, er eit 3 692 meter over havet høgt fjell i Gran Paradiso-massivet, eit fjellområde i Dei graiiske Alpane i Italia. Fjellet ligg på ein fjellrygg sør for Cogne, grensa mellom regionane Aostadalen og Piemonte går over toppen. Torre del Gran San Pietro er omgjeven av isbrear på fleire kantar.

Torre del Gran San Pietro
fjell
Land  Italia
Fjellkjede Dei graiiske Alpane
Høgd 3 692 moh.
Koordinatar 45°31′36″N 7°21′29″E / 45.52667°N 7.35806°E / 45.52667; 7.35806
Kart
Torre del Gran San Pietro
45°31′36″N 7°21′29″E / 45.5267°N 7.35806°E / 45.5267; 7.35806
Wikimedia Commons: Torre del Gran San Pietro

Sommaren 1867 leia Daniel Ballay og Michel Payot dei britiske klatrarane Douglas Freshfield, C.C. Tucker, T.H. Carson og J.H. Backhouse til topps.

Kjelder endre