Torsfjorden
68°03′21″N 13°07′47″E / 68.05583°N 13.12972°E Torsfjorden er ein fjord på Moskenesøy i Flakstad kommune i Lofoten. Fjorden strekkjer seg 2,5 km sørvestover til garden Hella i botn av fjorden.
Fjorden har innløp mellom Tjeldsneset sør for Fredvang i nord og Moberget i sør. Grenda Bergland ligg på nordsida like innanfor innløpet, og ut om garden i botn av fjorden er det ingen busetnader her. Moberget er ein ås på austsida med ei høgd på 121 meter over havet. Sør for åsen ligg grenda Krystad ved innløpet til Selfjorden.
Fv986 går langs nordvestsida av fjorden.