Tosen
65°11′2.0220″N 12°39′49.691″E / 65.183895000°N 12.66380306°E
Tosen er ein fjord i Bindal og Brønnøy kommune i Nordland. Fjorden er ei fortsetjing av Bindalsfjorden og strekkjer seg 32 km nordaustover til Tosbotn.
Fjorden har innløp mellom Storvardneset i nord og Hikkilsberget i sør like aust for øya Øksninga. Den første delen av fjorden er utan vegsamband på begge sider og er forholdsvis urørt med bratte fjellsider med høgder på 400-500 meter over havet. Lande ligg om lag 20 km inn i fjorden på nordsida. Frå her følgjer Riksveg 76 nordsida av fjorden inn til Tosbotn. Fjellsidene er derimot høgare her inne, rundt 600-700 meter, men på austsida stig Kallklavtinden opp til 932 meter over havet. Nesten inst i fjorden ligg Tosbotnøya.