Trådlaust LAN

Trådlaust LAN (engelsk Wireless Local Area Network (WLAN)) er eit lokalt datanett som nyttar radiosamband. Dei aller fleste trådlause lokalnett er baserte på IEEE 802.11-standarden[1]. Føremonen med dette er at ein ikkje treng å trekkja kabel mellom dei ulike einingane. Etter som det ikkje trengst fysisk tilgang for å lytta på trafikken, eller nytta dei for å bryta seg inn på tilkopla maskinar, er dei ikkje like sikre som kabla nett. Problemet kan reduserast ved å kryptera trafikken og vera nøye med konfigurasjonen. Men mange trådlause nett er feilkonfigurerte og lette å få tilgang til.

ReferansarEndra

  1. A.S. Tannenbaum, Computer networks, Pearson, 2011.