Trænfjorden
66°25′06″N 12°08′00″E / 66.41833°N 12.13333°E Trænfjorden er ein fjord i Træna og Lurøy kommune i Nordland. Fjorden ligg aust for øygruppa Træna og strekkjer seg 25 km frå nord til sør.
I sør startar fjorden om lag aust for Træna fyr og endar i nord mellom Selvær i vest og Nesøya. Lovund og Lovundvær ligg søraust for fjorden. Det går ferje frå Lovund til Træna.