Trafikkulukke
Ei trafikkulukke er ei ulukke som ofte fører til personskade, og endå oftare til skade på køyretøy. Biltrafikken er skuld i mange ulukker kvar dag, som oftast i form av kollisjonar.
Norske tilhøve
endreI Noreg må den som eig ein bil, stå til ansvar for skade som bilen påfører andre (objektivt bilansvar). Difor er alle bileigarar pålagde (gjennom bilansvarslova) å teikna ansvarsforsikring. Dei som vil forsikra seg mot utgifter som følgjer av skade på eigen bil, lyt i tillegg teikna kaskoforsikring.
I 2005 var det 8 122 registrerte ulukker på norske vegar. 11 546 personar vart skadde og 223 vart drepne. I resten av verda vert rundt rekna 50 millionar menneske skadde og 1,2 millionar menneske drepne kvart år av biltrafikk.
I januar 2006 registrerte politiet i Noreg 493 ulukker med personskade. 13 menneske omkom og 709 vart skadde i desse ulukkene. Av dei 13 omkomne den månaden var åtte bilførarar, to bilpassasjerar og tre fotgjengarar. Tilsvarande tal for januar i 2005 var 19 omkomne og 769 skadde, medan januarsnittet for tiårsperioden 1997–2006 er 21 drepne og 764 skadde.