Tragus
Tragus er ein liten framstikkande bruskfold i øyremuslingen som ligg framføre cavum concha, og som peikar bakover mot øyregangen.[1] Namnet kjem av gresk tragos, som tydar geit, og skildrar likskapen mellom håret på tragus og skjegget til ein bukk, eller geiteragg.[2] Antitragus ligg i nærleiken og peikar framover og oppover.[3]
Tragus peikar bakover og medverkar dimed til å fange opp lyd bakfrå. Desse lydbølgjene er meir forseinka enn dei som kjem frå framsida, noko som gjer at hjernen klarar å skilje mellom lydar som kjem bakfrå og framifrå.[4]
Ved positiv fistelprøve som skuldast kolesteatom i labyrinten, kan trykk på tragus føre til vertigo eller augedeviasjon som følgje av rørsle i perilymfvæska.[5]
Fleire bilete
endre-
Horisontalt tverrsnitt gjennom øvre halvdel av det venstre øyret
-
Høgre øyremusling sett frå den ytre oversida av det høgre øyret
-
Høgre øyremusling sett frå den ytre oversida av det høgre øyret
Sjå òg
endreKjelder
endre- Denne artikkelen bygger på «Tragus (ear)» frå Wikipedia på engelsk, den 15. februar 2015.
- ↑ Holck, Per (13. februar 2009). «tragus». Store medisinske leksikon. Henta 15. februar 2015.
- ↑ Webster. «Tragus: Meanining». Merriam-Webster. Henta 13. januar 2013.
- ↑ «Tragus: Definition». Collins English Dictionary. Henta 13. januar 2013.
- ↑ Muller, Raulf. «A numerical study of the role of tragus in the big brown bat». Research Gate. Henta 13. januar 2013.
- ↑ «Fistula test». Harley Street E-Clinic. Arkivert frå originalen 28. januar 2018. Henta 13. januar 2013.