Tralling, tulling, eller hulling, tyder til vanleg å framføre ein slått eller ein annan melodi utan instrument. I Hallingdal blir dette kalla å Låte med kjafte. Teknikken er utbreidd over heile verda, men er avpassa etter lokale skikkar.

I trallinga vert det nytta eit sett med meiningslause stavingar og lydar for å markere slåtten. Eit slåttestev høyrer ofte, men ikkje alltid til. Stavingane som oftast vert nytta i norsk folkemusikk krinsar mykje kring "su" og "du" og "dei", slik at ei tralla frase kan sjå slik ut i skrift: Sudeli-dudeli-dei eller sua-dua-dei. Konsonanten L vert ofte nytta som grunnlag for songen.

Den som trallar ein slått freistar ofte å ta etter spelemannen si bogeføring og takt, og konsonantane blir ofte nytta for å merke ut strokskift.

Det vert og tralla i høve bånsull og huving.

Sjå og scatsong.