Trampfart
Trampfart er eit omgrep nytta om skip som går i lausfart, det vil sei utan faste ruter eller avgangstider. Skip i trampfart kan derfor vere tørrlast- eller tankskip, men ofte har det vore korn, kol, malm, sukker og trelast som vart frakta i trampfart. Ein båt som går i trampfart er stundom blitt kalla ein trampbåt.
![](http://upload.wikimedia.org/wikipedia/commons/thumb/e/e0/London_Woolwich_Tramp_steamer_geograph-3080372-by-Ben-Brooksbank.jpg/220px-London_Woolwich_Tramp_steamer_geograph-3080372-by-Ben-Brooksbank.jpg)
Omgrepet vert i dag nytta om fart der skipet er bortfrakta for éi reise om gangen. Det motsette er linjefart.
Ordet tramp kjem frå engelsk og tyder eigentleg landstrykar eller loffar.
Kjelder
endre«trampfart» i Store norske leksikon, snl.no. Henta 13. mai 2020.