Treblinka er ein landsby i det austlege Polen, der ein nazistisk tysk konsentrasjonsleir vart etablert under andre verdskrigen.

Restane av jernbanesporet i Treblinka

Treblinka vart opna i juli 1942 for til å byrje med å ta imot dei jødane som vart deporterte frå ghettoen i Warszawa. Den første transporten kom til Treblinka 22. juli 1942. Leiren var i drift til november 1943. Då vart han riven, og SS prøvde å slette alle spor.

Saman med to andre leirar, Bełżec og Sobibor, inngjekk Treblinka i «Operation Reinhardt», oppkalla etter Reinhard Heydrich. Ulikt til dømes Auschwitz, der nazistane bruka Zyklon B-gassen ved ihelgassing av menneske i gasskammera, bruka dei i desse tre leirane karbonmonoksid frå dieselmotorar.

Det er rekna ut at om lag 900 000 jødar vart myrda i Treblinka.

Det fanst ein lasarettbygning i Treblinka, med ein raud kross måla på veggen. Dette var slett ikkje noko lasarett, men derimot ein del av mordapparatet i leiren. Dei fangane som kom til denne bygningen, fekk ordre om å kle av seg og sette seg på ein jordvoll, der dei vart skotne i hel.

Under den første deportasjonsaksjonen i Warszawaghettoen vart 13 000 per dag deporterte til utryddingsleiren.

Oppstanden i Treblinka endre

Den 12. august 1943 gjorde fangane i Treblinka opprør mot fangevaktarane. Då fanst det ca 1 000 fangar att i leiren. Det lykkast 600 av dei å ta seg ut av leiren. Men eitt år seinare fanst det berre ca 40 overlevande att av desse. Resten hadde vorte drepne av antisemittiske polakkar og ukrainarar, eller av tyske einingar.

Kjelder endre

  • Arad, Yitzhak, Belzec, Sobibor, Treblinka: the Operation Reinhard Death Camps. Bloomington: Indiana University Press 1999. ISBN 0-253-21305-3