Opna hovudmenyen

Trine Rønning

norsk fotballspelar

Trine Bjerke Rønning (fødd 14. juni 1982) er ein norsk fotballspelar frå Trondheim som sidan 2009 har spelt for Stabæk IF. Tidlegare har ho spelt på Trondheims-Ørn og Kolbotn IL. I tida 1998 til 2013 var ho med å vinne åtte noregsmeisterskap og seks seriemeisterskap. Rønning har spelt 157 landskampar og skåra 22 mål for Noreg i tida 1999-2015 og vunne EM-sølv i både 2005 og 2013.

Trine Rønning
Trine Rønning 2015 1.jpg
Fødd 14. juni 1982
Trondheim
Yrke fotballspelar
Trine Rønning på Commons

Innhaldsliste

KlubbspelEndra

Rønning melde seg inn inn i Trondheims/Ørn før 1998-sesongen. Ho markerte seg snøgt som ei iherdig offensiv kraft, og i cupfinalen vart ho den store spelaren då Trondheims/Ørn feia Kolbotn IL. I kvar av dei neste fire sesongane fekk ho med seg ein triumf, anten seriemeister eller cupmeister, med Trondheims/Ørn, i 2001 sågar begge.

Perioden 2003-08 spelte Rønning på Kolbotn. Etter å ha byrja i offensive roller, vart ho oftare brukt som defensiv midtbanespelar. Her vart ho seriemeister i 2005 og 2006 og cupmeister 2007. Hausten 2006 var ho ein av dei markante Kolbotn-spelarane då laget tok seg til semifinalane i Meisterligaen.

Frå 2009 har Rønning spelt i midtforsvaret til Stabæk. Med sin duellstyrke og sine taktiske evner var ho viktig då Bærums-laget vann serien i 2010, cupen i 2011 og triumferte i både serie og cup i 2013.

LandslagsspelEndra

Rønning debuterte på det norske landslaget i ein kamp mot Portugal i januar 1999. Ho måtte vente to år før ho neste gong kunne kle på seg den norsk landslagsdrakta. Fyrst frå 2002 var ho fast i den norsk landslagstroppen.

Rønning spelte både i VM 2003, 2007, 2011 og 2015, før den siste meisterskapen hadde ho teke over som kaptein, men fekk mindre speletid då ho sleit med skade. Også tidlegare har ho vore borte frå landslaget grunna skade. Men ho var med på den norske midtbana då det vart tap 1-3 mot Tyskland i EM-finalen 2005, og då det vart eit nytt 1-3-tap mot Tyskland i EM-semifinale 2009. Også i den neste europameisterskapen, møttest Noreg og Tyskland, og atter ein gong til finale. Her bomma Rønning på eit straffespark på stillinga 0-0, og sidan skåra tyske Anja Mittag det einaste målet i kampen. År 2015 var ho landslagskaptein, til dess Roger Finjord tok over som landslagssjef.

MerittarEndra

  • EM-sølv 2005 og 2013
  • Noregsmeister 1998, 1999, 2001 og 2002 med Trondheims-Ørn
  • Seriemeister 2000 og 2001 med Trondheims-Ørn
  • Seriemeister 2005 og 2006 med Kolbotn
  • Noregsmeister 2007 med Kolbotn
  • Seriemeister 2010 og 2013 med Stabæk
  • Noregsmeister 2011, 2012 og 2013 med Stabæk

KjelderEndra