Trondheim Ishockeyklubb
Trondheim Black Panthers (stifta 18. juni 1986 som Trondheim Ishockeyklubb) var ein ishockeyklubb frå Trondheim som spelte heimekampane sine i Leangen Ishall.
Klubben blei danna i 1986 ved ei samanslåing av ishockeydelene av Astor og Strindheim IL. Han blei lagd ned i 2008 grunna dårleg økonomi.[1] Fleire av spelarane skreiv ny kontrakt med Rosenborg IHK.
Kjelder
endre- Denne artikkelen bygger på «Trondheim Ishockeyklubb» frå Wikipedia på bokmål, den 14. august 2011.