Trondheim ingeniørhøgskole

Trondheim ingeniørhøgskole er ein tidlegare høgskule for ingeniørutdanning, etablert i Trondheim i 1912 under namnet Trondhjems tekniske mellomskole[1].

Trondheim ingeniørhøgskole på Kalvskinnet.
Bygninga til Trondheim yrkesskole på Kalvskinnet vart overteke av ingeniørskulen etter at yrkesskulen flytta til Brundalen 1973.

Trondhjems Tekniske Læreanstalt (TTL) var etablert i 1870 og vart nedlagt i 1815. Skulen vart då vidareført i to «avleggarar», den eine var Norges tekniske høiskole (1910) og den andre var Trondhjems tekniske mellomskole (TTM) i 1912. Sistnemnde hadde i byrjinga lokale i Munkegata 1 (i dag byens rådhus), og flytta i 1930 inn i lokala på Kalvskinnet der undervisninga framleis vert halde under det nye namnet. Skulen endra namn til Trondheim tekniske skole (TTS) i 1936. 1. januar 1977 fekk skulen høgskulestatus og namnet vart Trondheim Ingeniørhøgskole.

Skulen vart i 1994 fusjonert inn i Høgskolen i Sør-Trøndelag.

Referansar endre

<references>

  1. [1]25-års jubileumsberetning 1912-1937 – Norsk teknisk landsforbund 1937 (side 174).