Trutmunn eller trut er eit andletsuttrykk der munnen er pressa saman og leppene er skotne framåt. Uttrykket kan mellom anna symbolisere flørt, misnøye eller ettertanke.[1]

Jente med trutmunn

Etter kvart som sosiale medium har vorte populært, har uttrykket duckface oppstått. Det skildrar ei tilgjord mine, særleg brukt i fotografiske portrett i sosiale medium, der ein poserer med trutmunn. Ordet kjem frå amerikansk-engelsk «duck face», som kan omsetjast til andeandlet.[2]

Kjelder endre

  1. «trut». Det Norske Akademis ordbok. Henta 17. juni 2019. 
  2. «duckface». Det Norske Akademis ordbok. Henta 17. juni 2019.