Tsjeget er ein "atomkoffert" som til kvar tid skal vere i nærleiken av Presidenten, Forsvarsministeren og Generalstabssjefen i Russland. Kofferten inneheld avsikringskodar for ICBM med kjernefysisk ladning knytt til KAZBEK kommando- og kontrollsystem for Dei strategiske rakettstyrkane.

President Vladimir Putin overtek Tsjeget den 31. desember 1999


Kofferten vert overlevert med seremoni for kvart presidentskifte i Russland, og den siste overleveringa var den 7. mai 2012 frå president Dmitri Medvedev til Vladimir Putin.