Tsjeremosj-elva
Tsjeremosj (ukrainsk Черемош, rumensk Ceremuş, polsk Czeremosz) er ei elv vest i Ukraina og ei sideelv til Prut.
Tsjeremosj-elva | |||
elv | |||
Svarte Tsjeremosj
| |||
Tsjeremosj-elva 48°22′44″N 25°37′14″E / 48.378888888889°N 25.620555555556°E | |||
Wikimedia Commons: Cheremosh |
Ho renn langs grensa mellom dei historiske regionane Bukovina og Galicia. I mellomalderen og tidleg moderne tid var ho ein del av grensa mellom Fyrstedømet Moldavia og Kongedømet Polen. I dag renn ho langs grensa mellom Ivano-Frankivsk og Tsjernivtsi oblast.
Elva spring ut i Karpatane og renn hovudsakleg mot nordaust.
Det har sidan 1950-åra vore tradisjonar for elvesport på elva, som rafting og kajakkpadling, sidan elva har mange stryk.
Byar nær elva
endreKjelder
endre- Denne artikkelen bygger på «Cheremosh River» frå Wikipedia på engelsk, den 4. september 2012.