Tjudídar

(Omdirigert frå Tsjudidar)

Tjudídar eller tsjurídar (hindi चूड़ीदार [cūḍīdār]) er bukser frå nordlege Sør-Asia som er lause i livet men har lange, smalnande føter. Dei kan brukast som både manns- og kvinneklede i India og Pakistan. Tjudidar er historisk eit muslimsk klesplagg, men er også blitt utbreidd som moteplagg blant andre grupper.

Kasjmirske born fotografert med tjudidar rundt 1890.

Namnet tjudidar tyder 'med ei rekkje rynker' på hindi, og viser til rynkinga av stoffet nedst på føtene.

I dag bruker ein som regel tjuridar saman med ei laus skjorte (kurta eller kamiz). På 1800-talet kunne nordindiske kvinner bera buksene med tynne skjørt over og blusar. Kvinnelege utøvarar av den tradisjonelle dansen kathak bruker framleis ein liknande stil, medan mannlege dansarar kan bruke tjudidar med skjorte eller jakke (achkan) til.

Tjudidar skil seg frå vidare sørasiatiske bukser som gjerne blir kalla padjama, og vide bukser som smalnar nedst, salvar — sjå salvar kamíz.

Kjelder

endre
  • Booth, Greg, «Pandits in the Movies: Contesting the Identity of Hindustani Classical Music and Musicians in the Hindi Popular Cinema», Asian Music (University of Texas Press) 36 (1, Winter/Spring 2005): 60–86, doi:10.1353/amu.2005.0004 
  • Shah, Purnima, «Transcending Gender in the Performance of Kathak», Dance Research Journal (University of Illinois Press on behalf of Congress on Research in Dance) 30 (o. 2 (Autumn, 1998)): 2–17 
  • Soanes, Catherine; Stevenson, Angus, red. (2005), «churidars plural noun», The Oxford Dictionary of English (revised edition), Oxford University Press