Tufjorden på Rolvsøya
Tufjorden er ein fjord på vestsida av Rolvsøya i Måsøy kommune i Finnmark. Fjorden strekkjer seg 2,5 km austover til Fjordbotn.
Tufjorden | |||
fjord | |||
Land | Noreg | ||
---|---|---|---|
Fylke | Finnmark | ||
Kommune | Måsøy | ||
Tufjorden på Rolvsøya 71°00′10″N 23°55′14″E / 71.00266°N 23.92067°E |
Fjorden har innløp mellom Kjerkeneset i nord og Tunæringen i sør. Fiskeværet Tufjord ligg på nordsida av fjorden. Fjorden er ein terskelfjord og innløpet er berre 2,5-3 meter djupt. Lenger inne er fjorden 23 meter på det djupaste. Den inste delen av fjorden er særs langgrunn. Ved fjøre sjø trekk vatnet seg 600 meter utover i fjorden. 71°0′9.5760″N 23°55′14.412″E / 71.002660000°N 23.92067000°E