Tunabåten
Tunabåten vart funnen i ei båtgrav i eit større gravfelt i Tuna i Badelunda sokn i Västmanland i Sverige. Han vart oppdaga i byrjinga av 1950-talet inne på ei privat villatomt. Dette var ei av åtte båtgraver i same område, og i desse låg berre kvinner, medan mennene låg i enklare graver.
I Tunabåten var gravlagd ei kvinne. Gravfunnet syner at ho har vore både rik og mektig. Grava er frå slutten av 700-talet. Båten var seks til sju meter lang og konstruert som ein stokkebåt med oppbygde bordgangar.
Båtgrava vart arkeologisk undersøkt i 1952-53. Tunabåten har vorte konservert og er å finne i Västmanlands län museum. Eit smykke som vart funne er teke vare på i Gullrommet ved Statens historiska museum i Stockholm. Ein rekonstruksjon, kalla Smia, vart laga i år 2000.
Kjelder
endre- Denne artikkelen bygger på «Tunabåten» frå Wikipedia på svensk, den 12. oktober 2023.