Tungetale
Å tale i tunger eller tungetale er nemningar brukte om uforståeleg tale som finn stad i religiøs samanheng. På latin og fleire andre språk blir det kalla glossolalia eller glossolali.
Historisk
endreEin ser ofte tungetale i samband med besetting eller profetisk henrykking der guddommen talar gjennom ein utvald, ofte for å gjeva varsel eller åtvaringar. Pythia ved orakelet i Delfi kom til dømes med spådommar under transe som så blei tolka av prestar.
I kristendommen
endreTungetale blir skildra i kristendommen, særleg i pinserørsla, som et bønespråk for dei som vil be med anden i tillegg til med tankar og ord. Tungetale blir då rekna som ein nådegåve gjeven av Gud, ved heilag-anden, til den enkelte kristne. Agnes Ozman blir rekna som den første som talte i tunger då pinsebevegelsen fekk gjennombrotet sitt tidleg på 1900-talet.