Tussefløyte eller tysfløyte (kanskje avleia av ordet tyskfløyte eller tyskarfløyte)[1] er ein norsk blokkfløytesort (sopranfløyte) som er i slekt med sjøfløyta.

Tussefløyte frå Norsk Folkemuseum.

Tussefløyta har særs kjegleforma boring og har den største opninga mot munnstykket. Denne boringa, saman med at fløyta vert laga av mjuke treslag, gjev ho ein rundare klang enn det som er vanleg for andre blokkfløyter. Eit anna særtrekk ved tussefløyta er at den har ein skala der visse trinn er litt høgare eller litt lågare enn på den tempererte skalaen, til dømes halvhøg sekst og lys kvart.

Egil Storbekken og tussefløyta endre

Tussefløyta blei særleg gjort kjent av folkemusikaren Egil Storbekken (1911-2002) frå Tolga. Det skal ha vore han som i 1950-åra utvikla tussefløyta som ein eigen variant av den tradisjonelle trefløyta, og som gav fløyta namnet tussefløyte. Dette namnet bygde på dei eldre nemningane tyskfløyte og tyssefløyte. Etter at Storbekken debuterte i radio i 1952 med musikk framført på tussefløyte, vart det etter kvart så mange som vende seg til han om dette instrumentet at han tok til med produksjon av tussefløyter og andre folkemusikkinstrument for sal[2].

Sjå òg endre

Kjelder endre