Koordinatar: 58°36′52.470″N 8°56′34.336″E

Tvedestrandfjorden er ein fjord i Tvedestrand kommune. Fjorden er ei fortsetjing av Oksefjorden. Han har innløp ved Furøya og strekkjer seg litt over 3 km nordover og endar opp i to bukter. I den vestlege bukta ligg sjølve Tvedestrand, medan Østerå ligg i den austlege bukta, som heiter Østeråbukta.

Spire Denne geografiartikkelen som har med Aust-Agder å gjere er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia gjennom å utvide han.