Tvergrov

namnet på dei fremste gardane på nordsida av Bondalen i Hjørundfjord

Tvergrov og i daglegtale Tvergrova er namnet på dei fremste gardane på nordsida av Bondalen i Hjørundfjord. Den er slik heilt i enden av gamle Hjørundfjord kommune og dermed heilt i bytet til gardane i gamle Ørsta kommune.

Ifølgje ''Hjørundfjordboka Band V «Gard og ætt» av Lars Strømme og Ragnar Standal'' kan namnet ha fleire tydingar. Namnet har vore skrive både Tvergroff og Tuergrov, men og Thuerberg. Det siste vert rekna som ein glipp. Namnet vert uttala som det no skrivst. Det heng saman med elva som kjem ned her - ei lita elv (grov) på tvers av dalen, ned i ei større.

Det er per 2006 berre ein gard som er i drift. Inntil for kort tid sidan var det to... og rundt 1980 var det fire gardar her.

Tvergrov er eit så sjeldant namn at alle som har dette namnet kjenner banda tilbake til ein av dei fire gardane. Det er slik råd å «overnatte» kvar som helst i inn- og utland tvergrovingar i mellom. ..