Tyrsenske språk er ei språkgruppe av utdøydde språk som har namn etter etter tyrsenarane (gresk: Tur sinānoi, Tur sinēnoi, Turrhēnoi). Ifølgje klassifikasjonen til den tyske språkforskaren Helmut Rix (1998) bestod tyrsenske språk av det utdøydde etruskiske språket i sentrale Italia, det utdøydde raetiske språket i Alpene, og det utdøydde lemniske språket i Egearhavet.

Kart med spreiing av tyrsenske språk.

Rix har foreslege ein dato for urtyrsensk til grovt sett ein gong rundt 1000 f.Kr. Språkgruppa døydde antakeleg ut ein gong på 200-talet f.Kr. i Egeerhavet (ved at dei vart assimilert til gresktalende), og som etruskere ein gong på 100-talet e.Kr. i Italia (assimilert til latin). Til sist døydde raetisk ut antakeleg på 200-talet e.Kr. ved assimilering til vulgærlatin i sør og til germansk i nord.

Litteratur endre

  • Rix, Helmut (1998): Rätisch und Etruskisch, Innsbruck.