United States Board on Geographic Names
(Omdirigert frå U.S. Board on Geographic Names)
United States Board on Geographic Names (BGN) er eit føderalt organ i USA som har som føremål å skipa og oppretthalda einskapleg bruk av stadnamn blant styresmaktene.[1]
United States Board on Geographic Names | |||
| |||
Skipa | 4. september 1890 | ||
---|---|---|---|
Hovudkontor | Reston | ||
Nettstad | https://www.usgs.gov/us-board-on-geographic-names |
Styret vart skapt i 1890 og fekk den noverande forma si i 1947.[1] Styret har utvikla prinsipp, framgangsmåtar og prosedyrar for å styre både innanlandske og utanlandske geografiske namn. Det styrer òg namn på geografiske stader under havoverflata og i Antarktis.[2]
Geographic Names Information System (GNIS) vart utvikla av BGN i samarbeid med U.S. Geological Survey,[3] og inneheld topografiske kartnamn og bibliografiske referansar.
Sjå òg
endreKjelder
endre- ↑ 1,0 1,1 «U.S. Board on Geographic Names», www.usgs.gov (U.S. Geological Survey), henta 14. september 2023
- ↑ «U.S. ANTARCTIC GEOGRAPHIC FEATURE NAMING: CONTEXT AND H ISTORY» (PDF). U.S. Geological Survey. Henta 14. september 2023.
- ↑ «What is the Geographic Names Information System (GNIS)? | U.S. Geological Survey», www.usgs.gov, henta 14. september 2023
- Denne artikkelen bygger på «United States Board on Geographic Names» frå Wikipedia på engelsk, den 21. mars 2013.
- Wikipedia på engelsk oppgav desse kjeldene:
- U.S. Department of the Interior, U.S. Geological Survey, National Mapping Division, Digital Gazetteer: Users Manual, (Reston, Virginia: U.S. Geological Survey, 1994).
- Report: "Countries, Dependencies, Areas Of Special Sovereignty, And Their Principal Administrative Divisions," Federal Information Processing Standards, FIPS 10-4.
- Report: "Principles, Policies, and Procedures: Domestic Geographic Names," U.S. Board of Geographic Names, 1997.
- U.S. Postal Service Publication 28, November 2000.