Markarian 273
(Omdirigert frå UGC 8696)
Markarian 273, UGC 8696 eller I Zw 071 er ein galakse som ligg rundt 500 millionar lysår unna jorda i stjernebiletet Storebjørn. Han er eit resultat av to galaksar som har slegne seg saman og har ei form som kan likna på ein tannkost. Han har ein 130 000 lysår lang hale. Markarian 273 har ein region med intens stjernedanning der 60 solmassar med nye stjerner blir fødde kvart år. Nær-infraraude observasjonar av galaksen har avslørt ein galaksekjerne med to delar. Makarian 273 er ein av dei mest lyssterke galaksane i det infraraude.
Kjelder
endre- Denne artikkelen i sin heilskap baserer seg på pressemelding STScI-2008-16 frå Space Telescope Science Institute.