Ujiji
Ujiji er den eldste byen i det vestlege Tanzania. Byen ligg om lag 10 km sør for Kigoma. Ujiji blei grunnlagd av arabiske folkeslag. Byen var eit viktig senter for slavehandelen.
Ujiji | |||
by | |||
Utsyn over Ujiji i ei bok frå 1899
| |||
Land | Tanzania | ||
---|---|---|---|
Region | Kigoma | ||
Ujiji 4°55′00″S 29°41′00″E / 4.9166666666667°S 29.683333333333°E | |||
Wikimedia Commons: Ujiji |
Ujiji er staden der oppdagarane Burton og Speke først kom til breidda av Tanganyikasjøen i 1858, og det var her Stanley fann Livingstone i 1871. Det er reist eit monument til minne om det legendariske møtet.
Galleri
endre-
Minnesmerke for Burton og Speke
-
Livingstone-minnesmerket
-
Cine Atlas
-
The pan Africanism mural.