Ulla Maria Lindkvist (30. august 19396. august 2015) var ein svensk orienteringsløpar. Ho vart verdsmeister i 1966 og 1968, og nordisk meister i 1967, 1969, 1971 og 1973.

Ulla Lindkvist
Statsborgarskap Sverige
Fødd 30. august 1939
Død

6. august 2015 (75 år)
Flen

Idrett orientering

Lindkvist vart europameister i 1962. I 1966 vart ho den fyrste verdsmeisteren i orientering, ein VM-tittel ho forsvarte i 1968. I mellomtida vart ho nordisk meister i 1967, ein meistertittel ho beheldt gjennom dei nordiske meisterskapane 1969, 1971 og 1973. Attåt dei individuelle triumfane, sprang ho Sverige inn til stafett-gull i Nordisk 1967, VM 1968, Nordisk 1969 og VM 1970.

Lindkvist sigra i femdagars-tevlinga O-Ringen alle åra frå 1967 til 1974.

Medaljar og plasseringar i verdsmeisterskap endre

  • VM 1966: Gullmedalje
  • VM 1968: Gull individuelt og i stafett
  • VM 1970: Sølv individuelt og gull i stafett
  • VM 1972: Sølv i stafett, nr 4 individuelt

Kjelder endre