Umm al Binni

innsjø i Irak

Umm al Binni er ein hovudsakleg tørrlagd innsjø i Qurnamyrene i Maysan guvernement sør i Irak. Den 3,4 km lange innsjøen ligg kring 45 km nordvest for samløpet mellom Tigris og Eufrat. På grunn av forma, plasseringa og andre faktorar, trur ein at han kan vere eit nedslagskrater.

Umm al Binni
tidlegare innsjø
Land  Irak
Guvernement Maysan guvernement
Koordinatar 31°14′29″N 47°06′21″E / 31.24139°N 47.10583°E / 31.24139; 47.10583
Breidd 3,4 km
Kart
Umm al Binni
31°14′29″N 47°06′21″E / 31.241388888889°N 47.105833333333°E / 31.241388888889; 47.105833333333
Kart som viser Umm al Binni.
Kart som viser Umm al Binni.
Kart som viser Umm al Binni.

Spor som tyder på nedslagskrater

endre

Ved hjelp av satellittbilete har Sharad Master føreslått[1][2] at den tørrlagde innsjøen kan vere eit nedslagskrater, sidan han er nesten sirkelform, ei lett polygonforma rand og ei form som ikkje liknar andre innsjøar i regionen. Fleire andre mogelege opphav som karsttopografi, saltdomforming, tektonisk deformering og vulkansk aktivitet, eller store bomber, er avskrive..[3][4]

Master estimerer at krateret er mindre enn 5000 år gammalt, eller tidlegare enn år 3000 fvt., på grunn av avsetjingane frå Tigris og Eufrat som har ført til at kysten i denne perioden har flytta seg 130–150 km utover[5] i Persiabukta.[1][2] At forfattarar på denne tida som Herodotos (484–425 fvt.) og Nearkhos (360–300 fvt.) eller seinare historikarar, indikerer at nedslaget kan ha skjedd tidlegare, mellom 3000 og 5000 fvt.[2] På denne tida var Al Amrah-regionen kring 10 meter under Persiabukta.[5] Eit slikt nedslag ville ha skapt ein tsunami som ville ha øydelagd kystbyane til sumerarane på denne tida. Dette kan forklare det 2,6 meter djupe sedimentlaget som vart oppdaga under utgravinga av den sumeriske byen Ur av Leonard Woolley i 1922-1934. Skildrande passasjar i Gilgamesj (kring 1600–1800 fvt.) kan ha skildra eit slikt nedslag og tsunami.[6][7]

Det har vidare blitt føreslått at brå klimaendringar og katastrofale hendingar kring 2200 vt. (inkludert kollapsen til den sumeriske sivilisasjonen) kan ha vore knytt til eit komet- eller asteroidenedslag.[1][8][9][10][11][12] Master[1][13][14] har hevda at det påståtte Umm al Binni-nedslaget kan ha vore årsaka til denne katastrofen.

Sjølv om ein har funne mange indirekte prov på at Umm al Binni er eit nedslagskrater, er det ikkje blitt gjort analysar på staden, hovudsakleg på grunn av den urolege og farlege situasjonen som har vore i Irak. Det er derfor aldri blitt stadfesta at staden faktisk er eit nedslagskrater.

Kjelder

endre
  1. 1,0 1,1 1,2 1,3 Master, S. (2001) A Possible holocen Impact Structure in the Al Amarah Marshes, Near the Tigris-Eufrat Confluence, Southern Iraq, Meteoritics & Planetary Science 36: A124
  2. 2,0 2,1 2,2 Master, S. (2002) Umm al Binni lake, a possible holocen impact structure in the marshes of southern Iraq: Geological evidence for its age, and implications for Bronze-age Mesopotamia. In: Leroy, S. and Stewart, I.S. (Eds.), Environmental Catastrophes and Recovery in the holocen, Abstracts Volume, Department of Geography, Brunel University, Uxbridge, West London, UK, 29. august - 2. september 2002, pp. 56–57
  3. Master, S.; Heymann, J (2000). A Possible New Impact Structure near Gilbués in Piauí Province, Northeastern Brazil, Meteoritics & Planetary Science, vol. 35, Supplement, s.A105
  4. A. P. Crósta and M. A. Vasconcelos (2013). Confirmation Of The Impact Origin Of The Santa Marta Crater, Brazil, 76th Annual Meteoritical Society Meeting
  5. 5,0 5,1 Larsen, C.E. and Evans, G. (Brice W.C. Ed.), (1978) The holocen Geological History of the Tigris-Eufrat-Karun Delta in The Environmental History of the Near and Middle East Since the Last Ice Age. Academic Press, London. pp. 227–244
  6. Matthews, R. (2001) Meteor clue to end of Middle-East civilisations, Telegraph Online Magazine
  7. Britt, R.R. (2001) Comets, meteors and myth: New evidence for toppled civilisations and Biblical tales, Posted 13. november 2001
  8. Bjorkman, J.K., (1973) Meteors and Meteorites in the Ancient Near East, Meteoritics 8(2): 91
  9. Weiss, H., Courty, M.-A., Wetterstrom, W., Guichard, F., Senior, L., Meadow, R. and Curnow, A. (1993) The genesis and collapse of Third Millennium North Mesopotamian civilization, Science 261, pp. 995–1004
  10. Courty, M.A., (1997) Causes And Effects of the 2350 BC Middle East Anomaly Evidenced By Micro-debris Fallout, Surface Combustion and Soil Explosion, Society for Interdisciplinary Studies Conference: Natural Catastrophes during Bronsealderen Civilizations, July 11–13, 1997 Cambridge, UK.
  11. Peiser, B. (1997) Comets and Disaster in the Bronsealderen, British Archaeology 30: 6-7
  12. Napier, W., (1997) Cometary Catastrophes, Cosmic Dust and Ecological Disasters in Historical Times: The Astronomical Framework, Society for Interdisciplinary Studies Conference: Natural Catastrophes during Bronsealderen Civilizations, July 11–13, 1997 in Cambridge, UK
  13. Master, S. and Woldai, T., (2004) The Umm al Binni structure in the Mesopotamian marshlands of southern Iraq, as a postulated late holocen meteorite impact crater, Economic Geology Research Institute Information Circular, 2004. oktober University of Witwatersrand - Johannesburg
  14. Master, S. and Woldai, T., (2006 - in press) Umm al Binni structure, southern, as a postulated late holocen meteorite impact crater: new satellite imagery, and proposals for future research. In: Bobrowsky, P. and Rickmann, H. (Eds.), Comet/Asteroid Impacts and Human Society, Springer-Verlag, Heidelberg