Underkjølte vassdropar

(Omdirigert frå Underkjøling)

Underkjølte vassdropar er dropar eller vassmolekyl som ikkje har frose til is, sjølv om temperaturen i dropane er under 0 °C. Slike vassdropar kan eksistere i temperaturar så låg som -40 °C, så lenge dei ikkje inneheld frysekjernar. Ei frysekjerne kan vere saltpartiklar, ispartiklar eller aerosolar. Underkjølte vassdropar vil momentant fryse til is om dei kjem i kontakt med faste lekamar, og kan derfor skape store problem for fly fyk igjennom skyer med slike dropar.

I tillegg kan underkjølte vassdropar føre til underkjølt regn. I tilfelle der ein har temperaturinversjonar på bakken i eit område der ein varmfront nærmar seg, kan underkjølt regn skape svært glatte vegar. Dette er eit problem som her i Noreg innimellom oppstår om vinteren i innlandet.