Ung-Norig

Ung-Norig var eit litterært tidsskrift på nynorsk. Det vart starta av Anton Aure i 1918. Han redigerte det til han døydde i 1924. Henrik Rytter heldt fram med bladet som kom med nr. 1 1926 før det stogga. Det kom og to årgangar i 1935–36, då under namnet Ung Noreg. Redaktørar var då Conrad Clausen og Olaf Hanssen.

Mest å seie fekk det biografiske og bibliografiske stoffet. Dette var Aure særleg oppteken av. Det var «små og større artiklar om nynorske kulturarbeidarar og lange lister av orienterande opplysningar om korleis nynorsken vann fram på ymse felt.»[1]. I val av litteratur prøvde tidsskriftet å vere oppsedande for ungdomen.

FotnotelisteEndra

  1. I. Stegane 1984

KjelderEndra

  • Idar Stegane: Anton Aure - den nynorsk bibliografen. Romsdal Sogelag årsskrift 1984.