Ung kirkesang er ein norsk barne- og ungdomsorganisasjon som arbeider for å bevara og fornya korsongen i Den norske kyrkja. Organisasjonen har over 8000 medlemmer og over 300 medlemslag. Ung kirkesang arrangerer kurs for både korsongarar og dirigentar.

Ung kirkesang vart skilt ut frå Norges Kirkesangforbund (NKSF) 12. oktober 1996. Organisasjonen er bygd opp av lokale forbund (eit for kvart bispedøme i Noreg).

Ung kirkesang er med i ei rekkje forskjellige andre strukturar og organisasjonar: LNU (Landsrådet for Norges barne- og ungdoms-organisasjoner), NMR/MSF (Norsk musikkråd/Musikkens studieforbund), Ungdommens Kirkemøte og Norbusang (Nordisk barne- og ungdomskor samarbeid). Noverande leiar for Ung kirkesang er Ole Aleksander Østhassel (sidan 2015)

Tidlegare leiarar

endre
  • Rolf Lunde 1991-1999 (den første tida som leiar i NKSF Barne- og ungdomskor styre, fram til fisjonen i 1996)
  • Alise Narjord 1999-2001
  • Edgar Hansen 2001-2003
  • Kari Klyve Gulbrandsen 2003-2005
  • Susanne Rodvelt Haugland (2005-2009)
  • Jenny Lindheim. (2009- 2011)
  • Johanne Bjørkhaug (2011- 2015)
  • Ole Aleksander Østhassel (2015-

Bakgrunnsstoff

endre